Om oss
HISTORIE

Lange tradisjonar - ditt lokale byggjevarehus sidan 1959.

Historia til selskapet går tilbake til 1959, då Martin Lid & Co vart starta av Ingjerd og Martin Lid.
Dei starta opp med sal av trelast og byggjevarer under enkle forhold i ei leigd brakke på området til Voss Cementvarefabrikk.
I dei første åra etter oppstarten leverte dei også sand og pukk frå sandtak i Kyrkjeteigen. Mesteparten av arbeidet vart i fyrste omgang utført for hand, utan løftehjelp som truckar og liknande. Varer til lager kom med godstog og måtte hentast manuelt på Palmafossen stasjon.

I 1980 flytta bedrifta i eigne lokale der me held til idag.
Her fekk me stort lager, butikk og uteplass på eit plan.
Her har det vore gradvis utbygging og oppgradering av fasilitetane for å fylga auka omsetting, trendar og utvikling i byggevarehandelen..

LIDHYTTA byrja me å levera i 1975, dei står det manga av i Vossafjella og nabokommunane.
 
Aksjeselskapet Martin Lid Trelast AS vart oppretta i 1990 og i 2010 vart bedrifta medlem av byggevarekjeda Byggtorget.

KOMPETANSE OG SERVICE

I over 50 år har me prøvd å gjere vårt beste for at kundar skal bli fornøygde.
Denne innstillingen har prega familiebedrifta sidan starten, og har blitt smitta over til heile arbeidsstokken.
Byggtorget Martin Lid Trelast AS består av positive tilsette med brei fagkunnskap.
Dei tilsette har kvar einaste dag fokus på å yta god service og kompetanse til kundane.
Me hjelper deg med gode råd, tips og veiledning om trendar og krav innanfor byggfaget.

Me har i dag om lag 2300 m2 med lager som inneheld eit breitt utval av kvalitetsprodukt.
I løpet av hausten 2013 opnar me ny butikkdel, med nye produkt og utstillingar som tilfredstiller dagens byggevarekundar.

Martin Lid Trelast AS er ei familiebedrift med lange tradisjonar.
I dag har bedrifa 15 tilsette og omsetning på 55 mill. kr.
 
Martin Lid Trelast AS på facebook  

Martin Lid Trelast AS
Brynalii 140
5705 VOSS
Tlf: 56 51 12 39
Tlf: 56 51 09 74
post@martinlid.no

Opningstider
Mandag - Onsdag, Fredag 07.00 - 16.30 *
Torsdag 07.00 - 18.00 *
Laurdag 09.00 - 14.00
* Butikk / Kontor opnar kl 08.00

        Rediger